Meny:

STARTSIDE

OM OSS

PRODUKT

TENESTE

NYHENDE

Blikrabygda

LINKAR

KONTAKT

Norge Budapest

GRUEDRIFT I VATS

Kontakt 

Lokland forlag
Landa i Vats
5576 ØVRE VATS

Organisasjonsnr.: 983893864

E-post: lokland@pc-nett.no
Tlf: 0047 52 76 58 10

© 2008

Om oss

Lokland forlag vart starta i 2002 av Jørgen Johansen Landa. Han har følgjande utdaning:

Lærarutdanning m / tilleggsfag;

 - norsk, 1968

 - kristendom, 1966

- spesialpedagogikk, 1980

- samfunnsfag, 1999 m.m

Då me gav ut fyrste boka vår Misjonen - velsigning i tudenn ledd. 30 års røynsle som rektor ved 1.-6. skule i Vindafjord kommune m.m

Dette er Øvre Vats skule i 1970-åra. Det er 17. mai og fest.   Barnetoget er på veg ut porten som det for dagen er oppsett ein portal

Her hadde eg arbeidstaden min frå 1969-1999. Det siste året var eit permisjonsår før eg slutta av arbeidet for Vindafjord kommune.

Ved sida av ser du oldeforeldra mine frå Ulladalen - Astri og Larts Mæland. Han kom frå Suldal og ho kom frå Sand - Vela i Sand.

Her er Farfar saman med dottera som skal gifta seg. Det er den eldste dottera Kari - som gifter seg med Peder P Blikra. Ho sit fremst nr 2 frå venstre. Farfar står bak til venstre med søstera Brynhild. Det er dobbeltbryllaup, og det andre brureparet sit ved sida av til høgre. Det er Ragnhild og Josef Blikra.
Dette er dotter vår - Astrid og familien. Ho heiter etter si farmor som igjen heiter etter si farmor. Astri-namnet følgjer denne slekta like bak til Astri Nilsdtr Ersdalen 1763-1826. Det var farmor til Astrid frå Vela - mi oldemor og mor si farmor
Øvre Vats skule slik han stod ferdig i 1997 då det siste tilbygget var på plass som gav godt rom båsde til 6-åringane og til lærarane. til no hadde dei ikkje hatt arbeidsrom. No var alt på plass, men då er det at kommunen legg han ned opg fyller opp med barnehagebarn frå Vats og andre stader i kommunen.

Her ser me mannen som skal få liv i Ulladalen igjen.

Det har vore lite liv dei siste åra, men no kjem Torjus inn og har teke over garden til sine grandonklar i dalen som no er døde.

Denne mannen er fjerne slektningar av Johs Mæland og far hans. Søstera til Lars Mæland budde fyrst på denne garden

Torjus er med andre ord av same blod som dei andre på denne sida.