ProduktGruvedrift i Vats

Det er fleire stader med gruedrift i Vats-dalen. fyrst og fremst er det Thorsgrua - den mest kjende. Her fann Sir Williams frå England materialer til doktorgraden sin der han påviste helium for fyrste gong på jorda.

 Attåt har me Enighetene gruve der dei fann kopparkismalm i 1750-åra

Hedleberget på Bakkavold viser fram restane etter ei verksemd frå ca 1900. Her fann dei skifer til taktekking.

Dette biletet syner utsikta mot Thorsgruva frå Hedleberget på Bakkevold. Her var det eit skiferbrot c 1900 og utover. Du ser ein del bilete frå plassen i dag som viser  arbeidet frå den tida

Dette er Blikra<bygda. Her finn me Hedleberget på Bakkavold og Enighetens grube på Sørhus. Den siste staden starta med utvinning av kopparkis ca 1750 og hadde litt drift ca 1900

Hedleberget var i drift i starten på 1900-talet. Der fann dei skifer til produksjon av takheller.

Kopparkis frå Enighetens gruve på Sørhus. Me ser tydelege koparmetall i kantane på steinane. Desse steinane vart så frakta nedover Vatsvatnet der sledar køyrde dei vidare til Åmsosen der skøytene låg klar for å frakta dei sjøvegenn til Hjelmeland for smelting. Dei heldt på me arbeidet i gruva i ca 10-15 år. Enighetens gruve vart lagt ned sidan eigarane vart ueinige!

Sidan starta dei opp att, og ein husmann på Sørhushaugen fekk arbeidskameratane i grua med seg og dei reinsa ekrene kring plasset for stein