Hedleberget med slagghaugar i dag

ca 1900 braut dei skifer på denne staden

Under krisgen var det folk som såg på staden, men fann forekomsten lite driv-verdig.

Skiferen var noko blaut og han smuldra løtt opp. Platene måtte vera tjukke og difor vart dei tunge

Me ser ei av desse platene på biletet under.

Dette ekteparet var det som åtte garden då det var skiferbrot i Hedleberget

Ho var fødd på garden. Han kom frå Ulladalen og hadde vore i USA i ungdommen. 

Han åtte farm i Dakota, og skulle heim for å henta seg ei kone. Så var det kona som fann seg ein mann i staden

 Ho var flink med munnspelet. Ho vart enke berre 65 år gammal

Eitt av oldebarna til ekteparet på Bakkavold. Ho ber namnet Astrid som òg var namnet på mor til mannen som hadde vore i USA

Ho heiter etter farmos si - Astrid g.m. Peder Landa

Astrid på Landa hette etter farmor si - Astri Vela frå Sand.

Astri på Vela heitte vidare etter si farmor Astri frå ein gard i Hylsfjorden - Ersdal

Familen på Landa der kona på biletet er Astrid som var fødd på Bakkavold i 1905.

Her sit ho saman med familien sin - 3 gutar og tre jenter.

Den eldste sonen er far til den fyrste Astrid som er nemnd

Dette biletet er teke i Ølen i 1959

Til høgre ser me Astrid f 1962 saman med systera Ingunn 1961-1964

Dette er Bakkavold med fjellet Brennesteg over til venstre.

Dette fjellet er ein ynda plass for fallskjermhopparar eller for hangleidara Det er er stor oppdrift i lufta på denne nuten like over Kvamen der Svantesvoldselva renn ned frå Stemvatnet

På Bakkavold braut dei i si tid skifer. Staden kallast hedleberget den dag i dag.

På biletet ser me Blikra - heilt til venstre - med vollane omkring - Bakkavold, Vestvold og Sørhus - det nærast på biletet.

 Det siste namnet viser vel geografien - sør for Blikragarden.

Svantesvold er ikkje med på biletet.

Det er heller ikkje Spåtveit. Tveit kjem truleg av eit eldre ord Twitan som tyder avskore frå - i dette tilfelle er Spåtveit avskoren frå Blikra - me kan ikkje sjå til Spåtveit frå Blikra.

Blikrabygda

Dette er bygda som folk frå Haugesund kalla Gosen under krigen. Det er Garden Blikra som har gitt namnet til bygda som truleg var busett i bronsealderen

Garden Blikra som er opphavet til bygdenamnet.

Han ligg ca 60/70 m o h i dag - omlag på same høgde som grannegarden Svantesvold.

Garden ligg på den øvre delen av ein terrasse der dei fleste av gardane i bygda ligg

Heile bygda er som ei stor flate, og i gamle dagar var det "fri flyt" mellom dei ulike gardane utpå sommaren. Då var alle gjerden borte, og dyra beitte der dei hadde lyst

Biletet er teke frå garden Sørhus

Bronsealdergraver

Me ser dei tre haugane frå bronsealderen i bygda. Den eine ligg på Refsnes der det er eit stort gravfelt frå Jarnalderen 4-600 e kr,

Dei andre to er er frå Spåtveit/Svantesvold. Den eine ligg på Leitet - der bedehuset i bygda er plassert Den andre ligg i grensa mellom desse to gardane

Brtonsealdren strekkjer seg frå ca 1500 f kr til 400 e kr.

Haugan kan med andre ord vera opptil 3.500 år gamle

Dette er Blikrabygda bedehus frå 1963

Det vart bygt i 1930 men restaurert i 1963.

No fekk det kjøkken, toalett og ein ekstra sal i tillegg til den eine stova som stod her frå før.

Bedehuset er bygt på garden Svantesvold - den same garden som Hans N Hauge vitja i året 1802

Han tok inn hjå haringane som var kommen til bygda i 1789. Det var Guro og Tobias Svantesvold. Dei ættar begge frå Vikøy i Hardanger

Sakarias og Anna frå Aurdal

Anna kom frå Svantesvold, og dette ekteparet sett i gong den fyrste kvinneforeininga hjå oss i 1860-åra. Ho var fødd 4 år etter at Hauge vitja bygda

Ei sonedotter hennar skipa til den fyrste misjonsforeininga i Blikrabygda i 1890-åra.

Det var Malene Johsdtr Svantesvold 1827 g.m. Anders Anderson frå Ile. Mor hans var Kristi Gundersdtr 1794-1862

Kristi var ein av haugevennene i bygda

Hans N Hauge

Dette er mannen som kom til bygda i 1802. Me veit ikkje om han var her fleire gonger

Han kom frå Erfjord og det var på ski han kom - heiter det - saman med eit par gutar frå Erfjord.

Der hadde han besøkt folket på Håland - dei ættar m a frå Stokka i Vats

Ei kone skal ha sagt om dette møtet med Hauge - Han var så blidsle - dei kunne aldri gløyma andletet hans

Henrik B Eritzland

Dette er lærer og kirkesanger i Vats frå 1852-1897. Han var i tillegg tannutdragar med ein tannkrok som var laga hjå smeden på Landa som var svogeren til far hans på Ersland.

Attåt var han vegoppsynsmann då vegen Krossen - Refsnes i Blikrabygda vart bygt

Han var med og bygde det fyrste bedehuset i Vats - på Kårhus i 1864.

Dette er Jigga-Jørn - ein markert smed som spesialiserte seg på å laga stolkjerrer - dei såkalla jiggane.

I den tida var dettte svært populært. Alle skulle ha stolkjerrer! Tusrist-trafikken starta mange stader på denne tida - ca 1900 - og då var det pengar å tena ved å frakta på turistane på denne måten

Så veit me at det var ordna med faste ruter med skyss-stasjonar. Vegane var komne fleire og fleire.

Vegen gjennom Blikrabygdq frå Krossen kom i 1870-åra.

Biletet nedanfor viser dottera som gifte seg me yngste sonen til den andre Blikragarden

Brudeparet lengst til høgre er dei som tok over denne Blikragarden.

Sonen deria tok over garden i 1946 som selde til sonen sin i 1979

Denne slekta kom frå Suldal og tok over denne garden i 1880

Kristen Anderson Svantesvold som tok over garden Blikra. Denne garden hadde vore i same slekta i ca 400 år frå 1470. men etter den tid kom garden på sal til Kristen tok over og sette seg ned her i 1899

Garden har sidan følgt denne slekta

 

Dette er Håkon den gode. Dette var kongen som ordna med skipreider og i denne samanhengen oppstår truleg Landagardane.

Dette var truleg 2. rangs kongsgardar der kongen plasserte ut ein garnison e. l. for å ha dei i reserve.

Me finn ca 17 slike gardar i landet og alle ligg på utsiktsplassar som var strategiske i denne samanhengen

Blikrabygda har ein slik gard i sin midte. Her finn me òg Landavatnet og Landaholmen.

Nedafor finn me bilete av utsikta frå Landabakken til Landavatnet og Landaholmen

Denne utsikta er unik på deri fleste Landagardane i landet. Her kan det verta vakthald og kontroll med ferdsel og med aktiviteten i området.

Dette var truleg det primære med desse Landagardane då dei fekk denne funksjonen

Om dei tidlegare òg heitte Landa synest òg å vera det rette,

Landa i Forsand var eit landområde der det budde folk - ein heil by

Bronsealderen var Forsand si tid - kanskje det òg var fleire?

Landa i Vats

Landagarden i Blikrabygda ligg ved ein sterkt trafikkert veg i førhistorisk tid. då landet låg lågare, vart dette ein alternativ veg mellom Ryfylke og Hordaland - den indre leia. Her var det opp til tre drag.

1. Åmsosen - Ølensvågen

2. Sandeid - Ølen

3. Isvik/Grindafjord - Ållfjorden

 

I dette området finn me mange to-stavings a-ord, som truleg er dei eldste namn me har. Døme på dette:

Skjold: - Eggja . Bjerga - Alna -

Vats: Stokka - Landa - Blikra -

Ølen : Kåta - Vaka - Roa - Vaka - Bjoa

Arne og Dorte Serine  Svantesvold

Dette er ein bonde frå Svantesvold - ein av gardane i Blikrabygda. Her finn me desse gardane

Blikra med vollane i kring. Sørhus og Spåtveit

Landa ligg for seg med Svantesvold, Aurdal og Vedle som grannegardar.

Vollnamna : Bakkevold, Vestvold og Svantesvold

Husnamn - Sørhus - det sørste huset eller buplassen som har grensa med Sannes

Spåtveit - tveit tyder skilt frå h-garden - spå kjem av fuglenamnet spove - altså ein gard/område som er skilt frå h-garden - Blikra.

Landa genitiv fleirtal av Land. Her var med andre ord eit større område - Land.

På det store biletet under finn me ein flokk frå garden Landa som skal til fjells. Det er ei hytta på Sletthaug som er mælet. Hytta er det Jan Haslemo som eig, og far hans er son til Bror til Dorte Serine Svantesvold.

På biletet ser me frå venstre - Otto Helvig mannen til Johanna Landa, Judit Landa - kona til Per Arne Landa. Så ser me Jan Alfred barnebarnet til Judit og Per Arne. Så sit Per Arne Landa og Johanna saman med søster si Elisabet. Rasmus Fatland står bakom alle. Biletet er teke på Saflåtå i Aurdalsdalen like før turen startar til fjells

Familibilete teke i 1991 på 40 årsdcagen for brudlaupet til Karin og Jørgen. Me ser Arne, Jostein, Astrid og Per Arnvid saman med foreldra sine på trappa frå terrassen av huset som vart bygt i 1968