Lande i Kvinesdal

Me finn denne garden på Den sørlandske hovudveg, og den nye vegen går like under Øvre Landa garden i tunnell.

Det er Henry Høyland som, i dag driv garden. han har sendt ei mengd bilete som viser både kvardag og fest frå livet på garden etter krigen og fram til i dag

 Henry fortalde at det ikkje var registrert folk før på 1600-talet, og at garden var ein øydegard. Øydegardane vart det mange av etter Svartedauden i 1349. Før den tida kan det vera at dette var ein strategisk plass for kongemakta i landet. Det var her ferdsla gjekk.

Her var det rideveg, fortalde Henry, og i denne traseen vart så den sørlandske hovudveg bygd. Han hadde ein overgang på Fedafjorden – like i nærleiken.

Elles har Henry Høyland dette å seia om Den sørlandske hovudveg 

Hovedvegen som går forbi Lande, kom til Lande i 1830 og var den gamle sørlandske hovedvei. Den ble igangsatt bygget ca 1790 i Kristiansand og kom til Lande 1830, til Feda 1834 og ble ferdig fram til Stavanger i 1846. Veien fra Oslo til Kristiansand var ferdig i 1806.

Ridevegen forbi Lande ble brukt som postvei fra 1653-1830

Eivind Torkjellson Lande

Han er fødd på Lande i Bygland

Her ligg i dag Landeskogen

 

Her vil du få vita litt om det me har skrive om Landagardane i Noreg. Dette er eit lite hefte som seier ein del om desse gardane med denne særlege posisjonen i landet

Utsikta frå Landa på Tysnes

Til høgre utsikat frå Landa i Vats

På kartet ser me Landagardane i Rogaland og Hordaland plassert i geografien

Me ser at det er heile 8 slike gardar

- Fitjar - Halsnøy - Matre - Tysnes

- Forsand - Finnøy- Karmøy - Vats i Vindafjord

Utsikta frå Landa - Fitjar

Heimehuset på Landa - Fitjar

Lande ved Mandal

Denne garden ligg like ved byen Mandal - ute i skipsleia så og seia. her finn me Landekilen som er ein ynda stad for hyttelivet i området.

Landa på Karmøy

 

Landa på Karmøy ligg på vestsida av øya. Grannegardane er Velde og Avaldsnes. Dei i lag dekkjer heile øya på tvers. Elles finn me grannegardane Skeie, Hinderåker i sør og  Vikshåland Hauge mot nord.

Landanes stikk ut i Haugevågen, og her ligg det som ein port inn til fastlandet. Jauvisst garden er strategisk plassert som ein buffer mot kongsgarden Avaldnes – det fyrste kongesetet i landet.

Litt lengre inn i Boknafjorden finn me garden Landa på øya Finnøy som er plassert på liknande vis. Dette vil me komma atende til.

Landa på Karmøy er vidare plassert høgt og fritt med god utsikt til evt fiendar eller til andre vegfarande. Det særmerkte ved desse gardane kjem grant til syne her òg. At kongen sine menn kunne vera her og bu i eit læger, er ikkje vandt å skjøna.

 

 

Landa på Karmøy ligg høgt og fritt med utsyn til havet i vest. Her fann me mange gardar. På dette biletet var det som eit hovudtun der vegen gjekk vidare til Landanes og til grannegarden

Landanes ligg heilt ute med kysten med god utsikt

Kart over Landa i geografien

her sert me kart med dei staden me har funne ein Landagard.

1. Lande i Brønnøy kommune i Nordland

2. Lande i Buskerud - 2 Landa-gardar

3. Lande på Ørskog på Møre

4. Lande ved Sarpsborg - Fredrikstad

I tillegg har me to Landagardar i Vest-Agder og 2 i Aust-Agder