ProduktFestreisa til Helgeland og Namdalen

Så var det å pakka kofferten og fara nordover mot vårt kjære Helgeland. Me var svært spente og veldig nyssgjerrige på korleis det heile ville arta seg etter så langt eit avbrot. Turen starta ein fredag morgon. Klokka 0830 var på vegen nordover. Koffertane var fulle, og humøret på topp. Endeleg skulle me igjen få sjå og oppleva nordlendingane i sitt rette element - mellom tind og mo - mellom hav og hei.

Hans N Hauga fann me òg i Nord Noreg. Det var like utafor Brønnøysund der han hadde vore med å sett opp eit kvernhus på garden Tilrem. Dessutan peika han på Mo i Rana som ein aktuell stad for malmutvinning. I nnærleiken av denne garden fann me ein stad der dei laga kvernsteinar. Hauge dreiv med handel på Nord-Noreg - kanskje skaffa han kvernsteinar sørover til sine venner?