Produkt - Misjonen - velsigning i tusen ledd

Dronning Ragnhild drøymde store draumar; ho var ei klok kvinne. Ein gong drøymde ho at ho stod i hagen sin og tok ein torn or serken; og medan ho heldt i tornen, voks han til ein stor tein, så den eine enden nådde ned i bakken og røtte seg med det same, og den andre enden av treet nådde høgt opp i lufta. Deretter syntest ho treet var så stort at ho snautt kunne sjå til topps på det, og det var overlag tjukt.

Dette er Henrik Eritzland - læraren og kirkesangeren - som òg var misjhonsmannen i bygda.

 Attåt var han vegoppsynsmann og stod for vegen Krossen - Refsnes dan han vart bygt i 1870-åra. Han budde på Løkjen - ein husmannsplass under garden Spåtveit. Han har mange etterklommarar

Under ser me det gamle biletet frå Aurdal, der alle er misjonsfolk. I den tida var misjonen eit allemannseie.

Basaren var høgdepunktet i året. Då samlast heile bygda.

Huset under viser Duhaug i dag. Her budde Anna Kolbeinsdtr som var mest blind på sine gamle dagar. På spørsmål om ho ikkje var redd då ho skulle henta vatn i brunnen, svara ho: Å, er det her Han vil ha meg? Ho var ei trufast misjonskvinne.

Bror hennar tok opptak til bygginga av bedehus i Blikrabygda. han døydde i 1929.

Huset stod ferdig i 1930 Blikrabygda vart kalla Gosen av byfolket frå Haugesund under 2. verdskrigen

Hans N Hauge var i Blikrabygda - året 1802. Han besøkte Svantesvold og hadde møte bhjå Guro og Tobias på Svantesvold.

 Dei var begge Haraingar og ætta frå presten Løgit i Harander. Den 2. kona hans kom frå Vikøy i Hardanger og faren kom frå Aukland i Ryfylke. Mallene Svantesvold var ei misjonskvinne som starta Blikrabygda kvinneforeining i 1890-åra.

 Ho var elles ei kone som folk kalla på om dei trong hjelp i ulike ting i familien. Sonen hennar var Johannes Svantesvold som datt ned og slo seg i hel i Aurdalsdaln.

 Ein av sønnene var med denne søndagsmorgonen då dei var på leit etyter nokre bortkomne sauer.

Dette kjende målarstykket av Tiedemand vart truleg til på Vikøy prestegard i 1850-åra. Her finn du kjende personar frå samtida som modellar. Lekmannen som talar er frå Strand. Lensmannen som sit nedafor talaren er lensmannen i Vikøy. Bakom talaren skimtar me ein mann med hatt - det er truleg presten Jàger frå Strand - svogeren til Tiedemand.

Dei var alle på jakt etter det rotnorske i den tida. Då måtte dei gå tgil bøndene.

I Borgstova på prestegarden ligg det den dag i dag ei skisse over dette kjende målarstykket av Adolf Tiedemand

Då H.C.Knudsen kom til Skjold prestegjeld i 1840, gjekk veneflokkane med i misjonsarbeidet. Den haugianske rørsla gjekk såleis inn i Misjonsselskapet og i Indremisjonen då tida kom.

 

Den fyrste foreininga i byen var det likevel Hans C. Knudsen som skipa i 1840. Den mannen som truleg var ankermannen her heitte Brønjel H. Røvær, og seinare var det Sjur Lothe som representerte byen i mange år på generalforsamlinga til langt uti 1860-åra

I Skjold kom Birger til sine eigne, så og seia. Her fann han bondefolket og her var det eit rikt kristenliv kring dei mange misjonsforeiningane som blømde i Skjold på denne tida. Me finn han frå tid til annan i foreiningane sine protokollar frå denne tida. Heilt konkret veit me at De unges misjon starta foreininga si i 1909. Då veit me at Birger Asheim er med og held andakt i denne foreininga.

Kona hans Ellen Olava var medlem i foreininga her i 1914. Dei reiste frå bygda i 1917, men alt i 1919 døydde han. Kona hans har truleg komme attende til Skjold – til dottera Gunvor. Ho døydde i 1933.

Dotter deira Gunvor Birgitte 1899- vart gift med Martin Dybdahl som vart lensmann i Skjold frå 1923. Det er mange etterkomamrar etter dei i bygdene våre. Mange av dei er gode misjonsfolk.

 

 

Denne foreininga vart skipa så tidleg som i 1863. Bak skipinga stod to kvinner Margrete Meland og Sønneva Meland.  

Sønneva var av gammal slekt i Skjold og Vats, men her og finn ein innflyttarar som hardingane var det hos Margrete. Det er ein familie frå Uvdal i Numedal, ja, me finn ein harding frå Kvandal som blir gift med ei dotter av mannen frå Uvdal. Dotter deira Gjøri f. 1806 vart gift med Kristen Monsen f. 1802. Dei flytte sistpå til Finshus, og sonen deira kom sidan til Bakkevold i Vats. Eit av oldebarna deira vart misjonæren Sven Sørhus f. 1942

 

Meland og Vestre kvinneforerning vart skipa i 1863. Dei fyrste styrarane og truleg dei som gjorde opptaket, var Margrete Meland, kona til Mikkel Larsen, og Sønneva Meland , kona til Sakarias Meland. Det har vore sagt at konene på Meland og Vestre før den tid gjekk til Haraldseid i forening; men om det er rett, og i tilfelle kor mange det var som gjekk dit, veit ein ikkje. Det er ikkje urimeleg at i alle fall Sønneva, som var frå Håkull, og Margrete gjekk til Haraldseid

 

 På biletet ser me Marie Wanberg 90 år

På grunn av alder og sjukdom har me ikkje hatt foreningsmøter sidan basaren i semptember 1999. Om det kan bli seinare, veit eg ikkje. Me får sjå etter kvart