Budstikka - organ for friskulen - Øvre Vats friskule

Me fekk innvilga privatskule i 2003 men har enno ikkje komme til i lokalene til Øvre Vats skule som vart nedlagt i 2002/2003. I staden er det skipa til barnehage i somme av romma der, og dei har det enkelt om dei treng å opna ei ny avdeling. Dei berre opnar ei ny dør.

I dette organet vårt teke me fram aktuelt stoff frå bygda - og me legg ut gamle skulebilete.

Attåt er me noko engasjert i Vatsfjorden og problema som er komme etter at AF DECOM har komme til på den gamle basen til Norwegian contacters sin plass.

Her bygde dei i sit tid verda sitt største slep. Det var noko anna enn det som no hender.

No er opphoggingsplass for oljeriggar med alt det sølet som følgjer med dette arbeiodet.

Ein fiskefarm har måtta slutta av denne grunn - ureining av fjordvatnet for torskelarvane som skulle reint - støvfritt vatn

 

Den gamle skulen - Velde skule 1937 - Solberg skule  1940-åra - Øvre Vats skule 1970 åra

Den eldste skule er frå 1937/38 - midt på biletet. Så fekk me utbygging i 1980 - her ser me hovudinngangen. I tillegg har me eit utbygging i 1997 og til sluitt ei i 1999.

Me var trygge på at no var skulen vår trygg. han er følgt opp med dugnad i alle år Likevel la dei ned det heile trass ein motstand på 70% av dei som då hadde elevar på skulen

I dag ville det truleg vore gjævt og hatt skule her for alle dei som vil byggja seg heiem bakom skulen. Her er planlagt 30 bustader, og 16 er alt selde!

 

Dette er den nye fotballbana ved gamle Øvre Vats skule. Håvard stod for dette. Proffspelaren som gav midlane til at denne grasbana kunne lagast - HIPP

Bak på biletet ser me litt av ^Århaug der det nye byggjefeltet kjem - dei fyrste husa blir truleg bygde tiol hausten 2009. Den gamle skulen ligg bak biletet

Nytt textblock