Strand i gamle dagar - Lars Hertervig

 

 Me finn denne mannen under Hattarvik  på Borgøya i Tysvær. Her budde han til han var 6 år gammal. Då reiste familien til Stavanger, der han voks opp.

Lars Hertervig vart ein markert kunstnar som prøvde å fanga ljoset i målarstykka sine. Me veit at kvekarane var mykje opptekne av ”det indre ljos”, som dei sa.

Og me veit vidare at det var det indre ljos haugianarane òg var opptekne av. Deira aktivitet var meir på det indre planet. Dei måtte få ljos over forholdet sitt til Gud – få syndeforlating og fred med Gud, som  d e i  sa.

Begge desse retningane hadde ljoset i sin midte om enn på noko ulike måtar. Begge har vel sitt grunnlag i dette ordet av Jesus: Eg er livsens ljos. Den som følgjer meg, skal ha livsens ljos. Og i  Salme 119 Ditt ord ei lykt for min fot og eit ljos for min stig.

Begge retningane vart trakassert i si samtid av leiarane på den tida. Det var i eineveldetida, og då var det kongen sine embetsmenn som hadde alt å seia. Haugianarane valde lidinga innanfor kyrkja sin organisasjon. Kvekarane melde seg ut. Begge reiste til USA – mange av same grunn – forfølging frå myndighetene si side.

For ein kunstnar med det vàre sinn, vart det vanskeleg. Lars Hertervig måtte ein tur på asylet. Men heile tida var målarkunsten den store sikkerhetsventilen han hadde. Dette viser seg i bileta hans på mange måtar.

Me kan setja opp anelista til Lars Hertervig  på denne måten

 

Lars Hertervig 1830-1902

Lars Larson d y Hertervik 22d 1799-1885 g.m. Jorunn Larsdtr. Tøge Nedstrand 1804-58

Lars Larsson Lønning 25a 1760-1828 g.m. Sissel Knutsdtr. 1761-1822

Lars Karlson Stødle Etne 1767-1852 g.m. Åsa Olsdtr. Øvreland Vikedal

Lars Larsson Lønning 25 1732-1803 g.m. Mari Johs dtr Hervik 30c 1736-1802

Fenrik Carl Du Wahl 1728-1813 g.m. Jorond Larsdtr. Djønno Kinsarvik 1733-1910

Ola Nilsson Øvreland g.m.i  1765 Åsa Sigvesdt. - Skeie – Sandeid.

Johannes Erikson Hervik 29a 1684-1750 g.m. Susanna Kristoffersdtr. Hervik 8a 1698-1767

Lars Ingebretson M Djønno 1694-1768 g.m. Hildegunna Johsdtr. Tjoflot br 2 1696-1778

 

Sigve på Skeie

Erik Askildson Hervik 5d 1640-1728 g.m.Maren Johs dtr n 1711

Kristoffer Pederson Hervik 7a 1666-1731 g.m.Elisabet Knutsdtr. Hervik 50b 1678-1732

Ingebret Olson I Bjotveit br 1 1674-1703 g.m. Synneva Knutsdtr. Djønno

 

Aslak Askildson Hervik 4a d c 1667 – lagrettemann

Peder Aslakson Hervik 5a 1638-1701 g.m. Eli Kristoffersdtr Sandvik 5j sk 1694

Knut Halvorson Myklebust  Avaldsnes 1640 – kyrkjeverge 1679-80

g.m. Susanna Larsdtr.

Ola Sjurson Bjotveit br 1,4 1645 g.m. enke Jorond Larsdtr. Djønno

Knut Olson Djønno g.m. Synneva Torbjørnsdtr. Opedal U br 9

 

Askild Aslakson Hervik 3a n 1603

Aslak Askildson Hervik 4a d c 1667 – lagrettemann

Halvor Trulsson 1601- g.m. NN

Lars Johs son Kolstø

Lars  Eilivson I Djønno lensmann 1607-10

Torbjørn Rolvson Eidnes br 1 g.m NN g.m. 2. NN

 

·         Askild Aslakson Hervik 3a n 1603 – son til Aslak Hervik n 1603 evt = Asloc po Hervig n 1563

·         Aslak Askildson Hervik 4a d c 1667 – lagrettemann – son til Askild Aslakson Hervik 3a n 1603 – son til Aslak Hervik n 1603 evt = Asloc po Hervig n 1563

·         Halvor Trulsson 1601- g.m. NN- son til Truls halvorson Myklebust c 1570-1618 g.m. Astrid – han er son til Halvor  n 1563 – opphav til ei stor slekt i Avaldsnes – særleg i Førdesfjorden.

·         Lars Johs son Kolstø-

·         Lars  Eilivson I Djønno lensmann 1607-10- son til Eiliv Knutson Djønno n 1603 g.m. Astrid Larsdtr. Måge – dtr til Lars Havtorson Måge g.m. Anna Torbjørnsdtr. Måge – dtr til Torbjørn Måge – den største eigaren i Måge i 1521 bror til Ivar Tokheim n 1574 – han har ei dotter som vart gift med Sæbjørn Toreson Talgje på Sjernarøyane i Ryfylke – den gamle Talgjeætta som har Birgitta av Vadstena i si midte.

·         Torbjørn Rolvson Eidnes br 1 n 1647 – son til Rolv Tolleivson Store Nå br 1 d 1635 g.m. Brynhild Thuresdtr. Smed – dtr til Thure Smitt  Ullensvang br 1 – sokneprest i Ullensvang og Odda 1551-1588

o        Torbjørn Rolvson Eidnes br 1 n 1647 – er son til Tolleiv – innflyttar kanskje frå Telemark n 1603-1607

 

Av denne lista går det fram at Lars Hertervig er av rotfaste slekter i Tysvær. Morsfolket kom frå Tøge i Nedstrand. Slekta hennar kjem frå Hardanger, og me ser at det er ættetrådar til Talgje og Thore-ætta der. Likeeins er den mektige Måge-ætta på plass, og me finn ein sokneprest Smitt i Ullensvang i anegalleriet til mora. Tøge var ein husmannsplass under Sandvikgarden i si tid.

Me ser og ei Åsa Sigvesdt. - Skeie i Sandeid nemnt i 1765. Dette året gifter ho seg. Faren er ein Sigve, og på Landa i Vats finn me ein med dette namnet: det var Osmund Sigveson Vestbø 1725-1779 g.m. Abelone Olsdtr. Skeie. Dette kunne truleg vera bror til far  hennar. Me kan då setja opp dette fiktive tablået :

 

Sigve på Skeie

Osmund Sigveson Landa 1725-1779 g.m. Abelone Olsdtr. Skeie g.m. 2 Siri Larsdtr. Håland Sandeid. 1718-1778

Lars Sigveson Landa 1761 g.m. Randi Lambrigtsdtr. Aurdal 48e – budde Skeie i Sandeid – sidan til Espeland i Ølen

Ola Nilsson Øvreland g.m.i  1765 Åsa Sigvesdt. - Skeie – Sandeid.

Åse Osmundsdtr. Landa 1751 g.m. Henrik Gunnarson Ersland Skjold 1751

Lars Larson Espeland 13b 1791-1880 g.m. Ingeleiv Bergesdtr. Stumo 1799-1885

Lars Karlson Stødle Etne 1767-1852 g.m. Åsa Olsdtr. Øvreland Vikedal

Kristi Henriksdtr. 1782- g.m. Erik Sakariasson Tveit 20i 1777 – til Storhaug i Tysvær 15 - han var lensmann og er kalla ”skoleholder” i 1806

Berge Larson Espeland 14b 1820-1915 g.m. Ingeleiv Jørgensdtr. Landa 1822-91

Lars Larson  Espeland 14e 1828- g.m. Brønla Jørgensdtr Landa – bur på Kalvaland i Skjold

Anna Larsdtr. 1845 g.m. Lars Larsson  Viland 13g 1834 – bur på Strand i Skjold

Lars Larson d y Hertervik 22d 1799-1885 g.m. Jorunn Larsdtr. Tøge Nedstrand 1804-58

Henrik Erikson 1807 g.m. Lisbet Nilsdtr. Skeisvoll Avaldsnes – budde på Tuastad.

Brynhild Bergesdtr. g.m. Sjur P Velde i Vats

Jørgen Larson  16c 1872-1946 Kalvaland

g.m. Berta Danielsdtr. Gaupås 18b 1872-1928

Laurits Larsson Kalvaland 38g 1880 g.m. Brynhild Sakariasdtr. Håkull 56a 1887-1873

Lars Hertervig 1830-1902

·         Henrik Erikson 1807 g.m. Lisbet Nilsdtr. Skeisvoll Avaldsnes – budde på Tuastad. Han var lensmann og ordførar i mange år – 1844-51. Sonen deira var Erik Henrikson 1840-1922 g.m. Marta Elisabet Svendsdtr. Matland 1834-1885 – han var ein kjend bygdepolitikar –ordførar i 22 år i Avaldsnes.  Henrik Erikson 1807  - firmenning med Lars Hertervig

·          Brynhild Bergesdtr. g.m. Sjur P Velde i Vats – sønene Peder og Johan Sjurson – misjonsmenn. Brynhild Bergesdtr -  Halvfirmenning til  med Lars Hertervig

·         Jørgen Larson  16c 1872-1946 Kalvaland g.m. Berta Danielsdtr. Gaupås 18b 1872-1928– misjonsmann – etterkommarar som misjonærar. Halvfirmenning til  med Lars Hertervig

·         Laurits Larsson Kalvaland 38g 1880 g.m. Brynhild Sakariasdtr. Håkull 56a 1887-1873 – bur på Mæland – Halvfirmenning til  med Lars Hertervig – sonen Lars 1913  g.m. Helga Falkeid – misjonsslekt frå Tysvær. Ho er med i Øvre Vats kvinnefor. Sjå Bind I  Dottera  Marta 1923 g.m. Gunvald Emil Frøyland 1918 – sonen deira er   Erik Frøyland g.m. Noriko  er misjonær i Japan. Sjå bind I.

 

 Lars Hertervig var òg i Strand. Dette fortel Martin Nag i boka Solidaritet – Etyder fra Strand i Ryfylke. Her seier han at Hertervig truleg var i Strand i 1853. Då var han berre ungguten – 23 år gammal. Han laga då nokre akvarellteikningar med Strandmotiv : Flo – kystlandskap med store steiner, Pintsedag 1858, Fire menn i robåt 1858

Hertervig var altså i Strand også i 1858. Det er 5 år etter, og han var nettopp kommen heim frå eit 2 års opphald på Gaustad sinnsjukehus. Dette året døydde òg mora.

På Strand budde Hertervig truleg hos familien til Thosten Strandestø g.m. Malena og dei seks barna deira. Denne familien var kvekarar, og husfaren døydde seinare på året 1858 Her dreiv dei som gjestgjevarar. Det var far til Thosten som hadde fått desse privilegia

Me var ein tur til Borgøya og fann plassen der Hertervig var fødd.  Her fann me ei enkel plata der dette stod skrive:

Når han målar barndomsøya si, har han prøvd å sjå ho som om det var fyrste gong, full av undring. Kunstnarar og born har denne evna til å sjå med ”nye” auge. Lars ville halde fast ved noko av denne undringa i biletet, der alt såg ut til å ha stoppa opp og gitt seg over til lyset.

Lyset berører alt, ingen ting er uberørt av lyset. Or boka ”Hertervigs skog” av Holger Kofoed 1991