Den fyrste bronsealderhaugen finn på Refsnes på Sørhus i Bikrabygda

Så finn me ein bronsealderhaug - like sønnani Blikrabygda bedehus.

Den tredje haugen frå denne tida ligg i grensa mellom Spåtveit og Svantesvold

Denne bygda var truleg teken i bruk i den tida.

Her finn me Blikra med vollane kring - Bakkavold, Vestvold ogg Svantesvold

På Vats meieri var denne bygda sjølve krumtappen - juvelen - 1913-1939

Hovdinggarden Eike i Øvre Vats.

 

             Dette kunne vera interessante tankar då me veit at det her ligg ein Landa-gard som vel er peika på som 2. rangs kongsgard. Desse gardane ligg ved sida av eit hovdingsete der kongen ville ha makt til rådvelde. Slik hovdingsete vart ofte sett i samband med overgangar og avgiftskrav.

 

           

I Karmsund slo Harald Hårfagre seg ned etter at samlinga av landet var eit faktum etter slaget i Hafrsfjord c 900. Karmsund var nemleg inngongen til leia nordover norskekysten. Difor vart landet kalla Norvegen eller Norway – Vegen mot nord. Å ha herredømmet over denne inngongen gav makt til å ta inn avgifter. Difor er det ikkje så underleg at det i Rogaland og Hordaland ligg ½ parten av alle Landa-gardane i landet.

Me ser på biletet Alvseike og Sjurseike - garden som i gamla dagar heitte Eike

Dette er Blikra. Garden ligg ca 50 m o h i dag. Folket som budde her kan me gå attende med slekta si like til 1400-talet på denne garden. I 1870-åra var det slutt her. Folket reiste ut. Somme til Haugesund og grannebygdene. Andre drog like til USA

Nye slekter kom inn på gardane i bygda, men mange hadde anene tilbake til gardane her. 

Slekta på Blikra lever vidare i dei fleste slektene i bygda 

Dette ekteparet var det som tok over Bakkavold ca 1900. Far til kona på biletet kom til Bakkavold i 1870-åra. Han tok over etter den gamle Blikraslekta frå 1400.talet.

Dei heiter Johannes og Kristine Mæland

I deira tid vart det sett i gang med skiferproduksjon

 

Her me skiferbrotet i dag.

Det er slagghaugane som viser veg

Bonden nedst til høgre tok over den eine Blikragarden etter far sin som kom frå Suldal og kjøpte den eine garden på Blikra

Bak ser me Jørgen P Landa 1861-1939 og søstera Brønla - det er dobbelbryllaup, og dotter hans blir gift med bror til bonden på Blikra.

Jørgen bur på den eine Landagarden der det samla tunet på Landa stod.

I dag er mange gardar på Landa

Familien på Bakkevold ca 1915

No er truleg det meste av skiferproduksjonen stoppa opp.

Ein av arbeidsfolket her heldt søndagsskule for borna i Blikrabygda

Dottera var gift til Landa med son til Jørgen P Landa

Det var på Spåtveit - på garden til Hans Viland som i desse dagar ca 1900 hadde kjøpte ein del av garden Spåtveit

Det var i alt 3 brør av Hans som kom til bygda i den tida

 

Me ser her Ola Viland og familien hans.

Han er den eine broren som kom til bygda og sette seg til i Århaugemn - ein gammal husmannsplass under Spåtveit

På denne staden var kona hans fødd. Ho heitte Else.

Borna deira har framleis eit hus på eigedommen

Me ser Eikeland frå Frønsdal

Dette er òg ein gard i den store Eike-garden me trur heldt til i dalen.

Me finn Eikesdal, Sjurseike, Alvseike og Eikeland som alle peikar tilbake på Eike som opphav.

Me ser Nils Eikeland som åtte denne garden 

Slekta hans går attende til 1600-talet - i den gamle presteslekta i Skjold prestegjeld

Jakobine Johsdtr Asheim Eikesdal - ho døydde ung - før familien kom til Eikesdal i Vats. før det hadde dei gard på Asheim i Jøsneset i Hjelmeland

Her ser me då Eikesdal - dei siste av dei gardane som peikar tilbake på storgarden Eike i Øvre Vats

Det var tidlegare lensmannsgard like til 1837. Då flytta lensmannen sin stad til Skjold

Her budde dei høgt og fritt likle ved ein gammal ferdaveg frå Skjold og vidare til Ølen.

Me finn ein holveg like i nærleiken av garden - på granngarden Vedle

Ekteparet Johs og Kari Eikesdal kom til garden i 1880-åra

Dei kom frå Asheim på Jøsen-neset i Hjelmeland

To døtre vart gift med to brør på Landa

Elisabeth med Jørgen P Landa - me finn dei nedst - under hagebilete frå Vedle

Astrid med Lambrik P Lande. Me finn heimen deira til venstre - hagebilete

Nedst til venstre finn me søstera Jakobine som døydde ung