Blikrabygda bedehus 75 år

Mannen som tok opptakten til Blikrabygda bedehus Kolbein Kolbeinson Vestvold d.y. 16d 1856-1929 de av kvindeforeningen som arbeidet til indtegt for huset valgte mend Ola Aarhaug, Kolbein Vestvold og Kolbein Sørhus blev antat til bestyrelse for huset.

Blikrabygda bedehus vart bygt i 1930, og det var eit anna hus som la grunnen for bedehuset.

dette kan du lea meir om i denne vesle boka om bedehuset i Blikrabygda.

Her vil du få innblikk i kva folk i bygda tykte om huset sitt, og rekneskapa viser fram så mangt frå åra før krigen

Me ser Lisahuset der mannen som tok opptakten til huset, budde.

Klokkaren og læraren Henrik Eritzland og kona Ådru var engasjert i arbeidet kring bedehuset. Han var med og sett opp det fyrste bedehuset i bygda - på Kårhus.

Han budde på ein husmannsplass dei kalla Løkjen u garden Spåtveit.

Haugianarane er bakteppet for alle bedehus i landet

Dei støtta 100% kyrkja, men dei tok òg vare på den vesle flokken 

 

Dette er Vikøy prestegard i Hardanger. I Borgstova finn me ei skisse over målarstykket "Haugianerne" av Adolf Tiedemand. Han måla dette i 1852 og då var han hjå svogeren sin i Strand i Ryfylke.

Lekpreikaren er truleg læraren, ordføraren og haugianaren Tormod Nag frå Strand. Den gamle mannen i stolen like nedafor talaren er truleg lensmannen i Vikøy på den tida.

Frå Vikøy prestegard stammar Guro og Tobias Svantesvold - det ekteparet som tok imot Hans N Hauge i 1802

Me finn bilete av Hauge like nedafor