Strandbuar og ungdommar frå Etne møtest

Her er det møte mellom to strandbuar og to ungdommar frå Etne. Dei er i slekt og er i slekt med den kjende Mikkel Hetlelid som reiste som emissær i 50 år. Han var engasjert i indremisjonen.

Jentene Oda Kristin og Ingunn er dei ungdommane som bitt kontakta mellom Etne og Strand. Slektsrøtene er klare og dei er med i denne store samanhengen med misjonen som fellesnemnar

ProduktMisjonen i Etne/Tysvær og Strand

I denne boka finn me misjonsarbeid i bygdene Strand, Tysvær og Etne. Dette er gamle misjonsbygder, og både Tysvær og Strand hadde mange kvekarar. Deira soge er ei anna, men i Strand gjekk dei saman med kyrkje, kommune og haugianarar for å reisa eit hus - eit bedehus - som samstundes var eit kommunehus. Dette hende i 1837 - det året formannskapslovane vart vedtekne io Stortinget.. .

Dette er eit gammalt bilete frå c 1900. Det er eit målarstykke, og me kan skimta bedehuset av 1837 i bakgrunnen. Det er hus nummer to frå kyrkja. Dette var midtpunktet eller sentrum i Strand på denne tida.

Heilt til høgre finn me den vakre altartavla i Strand kyrkje frå 1600-talet.

Dette synet møter alle strandbuar den dag kvar gong dei går til kyrkje. Mykje av interiøret er frå 1600-talet. Det stammar frå Stavanger-renessansen på den tida. Dette vart sett i gong av den mektige Jørgen Erikson. Han tykte det no var på tide å få litt pynt inn i kyrkjene att etter at reformasjonen hadde plyndra alt av verdiar og ført dei til København. Me kan nemna målaren Petter Reimers. Han var meisteren for portrettet av Jørgen Eriksen.  Me hadde og flinke snekkarar – som Tomas, Kristen og Laurits snekker. Desse reiste så rundt til kyrkjene i Rogaland. Det var bygt mange nye kyrkjer i denne tida. Mellom desse var kyrkja i Strand.

Adolf Tiedemand er meisteren for Haugianarane – eit målarstykke som skildrar haugianarane sitt arbeid mellom folket i Noreg. Dette målarstykke laga han i 1852, og det var etter at han var ferdig med meisterstykket sitt : Brudeferden i Hardanger. I følgje Martin Nag frå Strand skulle Tiedemand ha vore i Strand sommaren 1849. Her måla han eller protetterte han Siri Strand 1772-1863. Ho var av kvekarmiljøet gjennom dottera Udbjørg 1808-1869.

Om me studerer dette utsnittet av målarstykket til Tiedemann – over- , vil me skimta ein mann med hatt like bak talaren.

Me veit vidare at presten i Strand : Ditlef Jæger var gift med søster til kona til Adolf Tiedemand. Denne mannen som me skimtar, kunne kanskje vera Jæger. Presten var ein noko stuttvaksen og hadde ein noko korpulent kropp.

Me veit at Jæger var med på haugianarmøtene i Strand. Det same kan seiast om kvekarane. Dei var saman - ja, dei bygde endåtil eit hus i lag, der dei fyrste kommunestyremøta heldt til.

Til sist må ein òg nemna at den fyrste ordføraren i Strand etter Lova av 1837 var ein kvekar. Kankje det var han som var haugianarmodellen for Adolf Tiedemann ? Dette var Ole Torson Barkved og me vil setja opp anelista hans på denne måten

Like nedafor kyrkja i Strand finn me eit forhistoriske symbler på svaberget på Solbakk.

Dette føresteller helleristingar av ulike storleikar. Det er soldyrkarar som har reta inn sine symbol

Dette svaberget finn me like i sjøen på denne staden.

Her finn me òg 1000 - års-staden for Strand

For samanlikning skuld tek me med nokre bilete frå Årdal gamle kyrkje. Denne kyrkja står framleis og er eit mektig døme på korleis dei ulike kyrkjene har vore i denne tida hos oss.

 

Årdal gamle kyrkje frå 1600-talet.

 

Nedafor ser me den mektige altartavla frå 1600-talet

Misjonsbyen - Stavanger

Her i denne byen var det misjonskulen låg. Han var skipa til i 1860-åra. Alle som vart misjonærar, var innom denne skulen før dei reiste. Difor er denne byen kalla misjonsbyen i Noreg. Her ser me ei av gatene som har vore dei same i mange hundre år.

Biletet nedanfor er av Alexander L Kielland. Han kom til å vera noko fjernt frå misjonsfolket. Han skreiv boka skipper Worse der han teikna miljøet kring Madam Torvestad som noko trangt.

Han skreiv og boka Gift, der han gjekk i rette med latinskulen som var svært så turr for mange. Marius var ein elev som helst drøymde seg ut til livet utanfor klasserommet.

Så ser me Breiavatnet like bak Kielland. Her låg og latinskulen som Kielland gjekk i rette med. I dag er det Stavanger katedralskole.

i denne byen stod ein  gong Lars Skrefsrud utanfor portane til Misjons-skulen. Han fekk i staden plass på ein misjonskule i Tyskland. det var det Brødremenigheten i Stavanger som hjelpte han med dette.

Så har me domkyrkja i byen frå 1200-talet. Ho er vigd til St Svithun i England. Det viser at kristen tru hadde stor kontakt med England og andre land - vest i havet.

På 1200-talet hadde me Norgesveldet si tid. Då rådde Noreg over Vesterhavsøyane som det heitte. Me veit at Harald Hardråde i 1166 tapte ved Stanford Brigde - elles hadde han vel rådd over heile England.

Me veit vidare at øya Man i Irskesjøen var norsk damfunn med norske lovar

Kart over Rogaland

her er kartet som viser Rogaland med Boknafjorden og alel øyane. Stavanger var byen i alle år for alle som sokna til dette bassenget. Her finn me Tysvær, Strand og Forsand kommunar.

Tysvær hadde kvekarar som vart skisa. men som fann seg ei ny framtid i USA. Kvakar var målaren som skulle måla ljoset. Namnet hans er Lars Hertervig. Han voks opp på Borgøya i Tysvær, men hadde slekta si m a i Vats/Sandeid og Etne.

Like under Kielland ser me diktaren Arne Garborg. Dette er ein av Rogaland sine diktarar. Han skriv på nynorsk som for han vart eit svært godt instrument for tanakan han bar på. Kjend er han foir diktsamlinga - Veslemøy. Han kom til å vera noko fjern frå kristen tru. På grava hans står dette diktet: Som ljoset har den eine draum å slokna ut - han helsa glad den skoddeflaum som gav han fred. Fred er òg ei av bøkene hans

Så ser me eit bilete frå misjonsbåten Elieser. Dette er ein misjonsbåt som hadde opphavet sitt frå ca 1900. Det var fiskarane som er i fokus i dette arbeidslaget i misjonen. De seiler i fra havn til havn - de seiler her i Jesu navn. Denne misjonen starta i Haugesund  ca i 1880.